sammen er vi sterke

Korpsånd og regler

Retningsliner for fråvær

Du kan ikkje være borte:
to øvingar på rad, meir enn 3 øvingar per halvår, frå konsertar eller opptredener, frå øvingar like før konsertar og opptredener, frå seminar eller øvingshelgen viss du ikkje gir melding på førehand eller tek med deg melding neste gong.
Send melding om fråvær på vårt kontaktskjema eller på sms til dirigenten.

Vi er mange barn, og nokre vaksne, som skal bli flinke til noko saman. 
Difor er det viktig at alle er på så mange øvingar som mogleg. 
Det er alltid noko viktig som føregår på øvingane, og det er lett å byrje henge etter dersom ein ikkje får med seg alt.  I tillegg kan dei andre syns det blir kjedelig når det aldri er fulltallig. Derfor lyt ein tenke over kva grunnar ein har for å være borte og kor ofte ein kan være borte. 

Vi er redde for at det kan spreie seg ei negativ haldning til fråvær og dårlig stemning når vi ikkje er fulltallige. Blant styret og instruktørane er vi av den oppfatning at ein stiller opp på øving så sant det ikkje er noko svært viktig som kjem i vegen. 

Vi tykkjer ikkje at bursdagar er ein slik god grunn, og vanlege lekser er ting som ein kan planlegge å gjere tidlegare.Vi er mange vaksne som stiller og gjer mange timar arbeid gratis for at musikanten skal ha eit godt, utviklande og sunt tilbod. 
Desse vaksne må stille opp uansett kor mange musikantar som kjem, og nesten uansett kva som kjem i vegen. Difor må alle musikantane og foreldra deira gjere ei innsats for å stille.Vi har forståing for at man ein gong i blant må reise bort eller har noko anna viktig føre seg. I slike tilfeller vil vi ha beskjed i forkant. Om du i enkelte tilfeller er nødd å bryte nokre av desse retningslinene må styret ha beskjed i forkant, og styret må få diskutere kva vi skal gjere. Innanfor desse rammene kan musikantane kjenne seg frie. 
Hugs at om dette kjennast strengt, så er det likevel svært god læring i ansvar og prioritering, læring som barna vil ha stor nytte av seinare i livet. 

Ansvarlege personar held avtalar, stiller opp, øver seg og kjem presis. Vi har hatt det kjempekjekt den første tida og er veldig nøgde med utviklinga. 
Vi gleder oss til fortsetjinga og til å få eit triveleg og godt korps.

Hilsen Floraskulen Brass Band

Ungdomsarbeid

Politiattest

https://www.politiet.no/tjenester/politiattest/

For å jobbe med barn og unge kreves det en politiattest.
Dette er helt ukomplisert og er en enkel prossess å fremskaffe via Politiet https://www.politiet.no/tjenester/politiattest/ 
En tilpasset attest skal vises til leiar, den skal ikke kopieres eller utleveres til leiar, visning er nok.
Dokumentet skal behandles som sensitivt og skal ikke være gjenstand for offentlig tilgjengeliggjøring.

Gunstein september mottok vi det triste budskapet om at Gunstein hadde sovnet stille inn etter nesten fire måneders kamp mot skadene fra en bilulykke. Gunstein, du var et forbilde og en helt for de yngre musikantene i korpset. Du viste alltid omsorg og kom alltid med trøstende ord når noen synes det var litt langt å marsjere på 17. mai eller at tubaen var litt tung å bære i 30 grader på korpstur i Italia. For dine jevnaldrende var du en god kamerat og du var en del av det sosiale limet i korpset. Bildet fra 17. mai 2016 oppsummerer hele din natur. Etter tre tog med Floraskulen Brassband i russedress og tuba uten sele, så stilte du deg opp og spilte nasjonalsangene sammen med Florø Hornmusikk - du var alltid tilstede for musikken. Gunstein, vi savner deg og glemmer deg aldri! Våre tanker går til søsken, søskenbarn og familien ellers. 

Vi lyser fred over ditt minne - musikken lever videre!

samlinger & turer

Vi har verdens beste hobby!